Kommunepolitikarane i Årdal vil ikkje ha gigantmottak for 1000 personar i Dooriabygget, men kommunebyråkratane kan ikkje gjera anna enn å senda inn framlegg til fylkesmannen om at nett dette bygget skal verta mottak. Prosessen med å etablera akuttmottak er ikkje politisk, men reint byråkratisk og kommersiell. Det er fylkesmannen, DSB og private kontraktørar og profitørar som avgjer kvar det skal verta mottak. Andre folk i nærmiljøet vert fullstendig overkøyrde når fylkesmanne...n går på huseigarar og tilbyr dei titals millionar for å leiga ut til akuttmottak. Det nyttar ikkje å klaga til politikarane, for dei har inga rolle i prosessen slik han er lagd opp no. Akuttmottaka vert ikkje politisk behandla, korkje på kommune- eller fylkesnivå. Dersom ein vil hindra etablering av asylmottak, då må dei som vert råka av mottaket sjølve handla direkte. Her er det «betre føre var enn etter snar» som gjeld! https://www.frieord.no/…/hvordan-etableres-akuttmottak-og-…/
Afficher la suite- Soyez le premier à ajouter une publication.Créer une publication
- Ensemble neoNMusicien/Groupe
Responstida åt politiet under bussmassakren i Årdal var fatalt dårleg, og likevel var "responsen" frå politikarane å leggja ned Sogn og Fjordane Politidistrikt. Trur nokon at utrykkinga kjem til å vera kjappare neste gong ein tilsvarande tragedie skjer, og der bergingsaksjonen må koordinerast frå Bergen Politikammer?
Det sluttar ikkje der: No skal Sogn og Fjordane Arbeidarparti syta for at heile Sogn og Fjordane Fylke vert nedlagt!
I sak etter sak har me sett at Arbeidarpart...iet har gått saman med Høgre og FrP for å gjera Noreg til eit kaldare og farlegare samfunn. Når Høgre og FrP har gjeve oss rekordstor innvandring og asylmottak i kvar ei grend, så er det berre eit framhald av AP-politikken. Den einaste måten ein kan møta rikspolitikarane sin maktarroganse på er med motmakt: Folket i Sogn og Fjordane må ha politisk handlefridom og kontroll over det som skjer i deira eige fylke.
No ser det ut til at Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil hjelpa Høgre og FrP med å skaffa fleirtal for å leggja ned Sogn og Fjordane Fylke! Folket i Sogn og Fjordane misser all politisk handlekraft, og etableringa av asylmottak kjem til å gå sin gang heilt uhindra - i det fylket som ein gong var det beste fylket å bu i, fylket med minst kriminalitet og ikkje eit einaste tilfelle av HIV.
Det verste av alt er at Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved valet i fjor haust lova å arbeida for at Sogn og Fjordane skulle halda fram som eige fylke, og likevel vil dei berre snu på ein femøring og lata seg detalj-instruera frå Oslo til å leggja fylket ned. Skal Arbeidarpartiet svikta folket i Sogn og Fjordane endå ein gong? Har ikkje politikken deira gjort nok skade på land og folk?
3 år sidan bussmassakren. Sidan den gongen har talet på offer for mangkulturen berre auka på.


3 LIV - 3 ÅR - OG ALT ER GLØYMT?
Ikkje ei einaste norsk avis har skrive noko på treårsdagen for bussmassakren i Årdal.
Ikkje Bergens Tidende, ikkje Sogn Avis - INGEN!
...Ver med og vis med delingar og likes på denne meldinga at dei tre offera for bussterroren i Årdal ikkje er gløymde!
– Trippeldrapet i Årdal, der en asylsøker tok livet av tre personer på Valdresekspressen i 2013, er et av flere eksempel på hvorfor det er viktig med snarlig helsesjekk av nye asylsøkere, sier psykolog Evang. http://www.nrk.no/…/helsedirektoratet-mener-helsesjekk-ikke…
"Nå er asylsaken på Bolkesjø avgjort. I mars kommer det inntil 600 flyktninger i tillegg til de 180 som allerede er her. Ikke bare er brøken økt til 19 flyktninger per innbygger, men staten kan også kjøpe bygget til fast mottak etter at leiekontrakten har gått ut. Vi føler oss tråkket på, oversett og verdiløse." http://www.aftenposten.no/…/Bolkesjo-hotell-blir-transittmo…
Bygdefolk i Bolkesjø vågar endeleg å seia i frå. Men eit lesarinnlegg i Aftenposten er "too little too late" for eit bygdesamfunn med ryggen mot veggen. Styresmaktene overkøyrer eit lite lokalsamfunn med brutal byråkratisk maktbruk. Folketalet skal opp frå 40 menneske til 680 med det varsla asylmottaket. I bygda der alle kjende alle er det snart ingen som veit kven som ventar ute i mørket. Ein ny etnisk og demografisk realitet vert tredd nedover hovudet på innfødde nordmenn, http://www.aftenposten.no/…/Vi-blir-en-minoritet-i-var-egen…
VERT MARGARET SIN FAMILIE PRESSA AV MEDIA TIL Å DISTANSERA SEG FRÅ MINNESIDA?
Det har i dei siste dagane vore ein kampanje frå Sogn Avis (Hanne Stedje) og Bergens Tidende (Rune Christophersen og Gerd Tjeldflåt) for å få denne sida stengd ned. Takk vere masserapportering av sida for påståtte brot på Facebook sine retningsliner, så vart sida i går stengd ned. I går kveld kunne dei same media triumferande fortelja at nettsida var borte. Gleda deira vart likevel kortvarig: Det er...
Lire la suiteTil minne om Margaret Molland Sanden a changé sa photo de profil.
Dei siste to dagane har det vore ein stor pågang med negativ merksemd retta mot denne minnesida. Fyrst frå Sogn Avis, deretter frå Bergens Tidende (journalist Rune Christophersen) og til slutt frå ABC Nyheter. Det siste oppslaget i ABC Nyheter er klipp og lim frå dei to fyrste. På same tid har det vore stor pågang av sinte og skjemmande innlegg frå einskildpersonar på sida. Me har vore nøydde til å sletta eit femtitals kommentarar som ikkje høyrer heime her. For oss som admin...
Lire la suiteDet som hende den 4. november 2013 var så grufullt at det skaka ein heil nasjon. Me som tok initiativet til denne minnesida har i to år arbeidd med å driva sida på ein måte som verkeleg heidrar Margaret sitt minne - respektfullt mot det verdifulle mennesket som Margaret var og trugne mot det som er realitetane i saka.
Kva inneber det? Me vil ikkje at Margaret berre skal få verta endå eit tal i statistikken, og nett difor har me vore tydelege på den konteksten som bussmassak...ren går inn i. Bussmassakren i Årdal var resultatet av ein politisk skapt situasjon. Asylmottaket i Årdal var tvinga på bygda, mot lokalfolkesetnaden sine protestar.
BT-journalist Rune Christoffersen meiner derimot at det er "uverdig" og "rasistisk" å opplysa om den politiske konteksten for massakren. Men å laga ein reportasje som set minnesida inn i ein ekstrem kontekst som koplar henne til ytterleggåande nettsider og hatytringar i kommentarfelt i utlandet - _det_ tykkjer visst Bergens Tidende både er sakleg og seriøst journalistikk.
Ingen hadde protestert mot at ei minneside for trafikkoffer hadde sett fokus på trafikkdøden og biltrafikken sine konsekvensar, men at innvandringspolitikken faktisk har sine offer, han med - nei, det kan det ikkje snakkast om, skal me tru BT. Og det endå dette er ei problemstelling som er meir aktuell enn nokosinne. Skjøna det den som kan!
Då Rune Christophersen kontakta oss i dag tidleg, så lukta me lunta med det same. Me har ingen tillit til journalistar av dette slaget, og me tok difor kontakt med det alternativet mediet frieord.no for å få fram vår versjon av det skammelege oppslaget som Christophersen til slutt sausa saman.
I GÅR IGNORERTE BERGENS TIDENDE TOÅRSMINNET FOR MORDET PÅ MARGARET - I KVELD HETSAR DEI OSS SOM HUGSAR... Takk til Frieord!
https://www.frieord.no/…/journalist-i-bergens-tidende-trak…/
"[M]e er no komne til den paradoksale stoda at di betre samferdselen og den generelle infrastrukturen er i nærmiljøet ditt, di fårlegare kan det snart verta å bu der…" Frieord har gjeve att vår kommentar i sin heilskap, https://www.frieord.no/…/to-ar-siden-en-asylsoker-myrdet-m…/
4. november 2013, klokka 1730. Det trong ikkje om å skje den gongen. Og skjer det endå ein gong, skal ingen få seia at "dette kunne me ikkje førestella oss". Bussmassakren i Årdal var skrifta på veggen for Noreg!
"Mange i Årdal var urolege då det i august for litt over to år sidan vart etablert eit mottak for 150 asylsøkarar i kommunen. Ei uro som fekk nytt liv etter trippeldrapet på Valdresekspressen tre månader seinare." http://www.nrk.no/…/skuffa-over-udi-i-asylpolitikken-1.1263…
På dagen 2 år etter Margarets død så gjer styresmaktene det kjent at det skal koma 15 nye asylmottak i 12 vestlandskommunar. Kva slags menneske som flytjer inn i desse mottaka er det i realiteten ingen som helst slags kontroll med. I oktober kom det meir enn 8000 asylsøkjarar til Noreg, og det berre aukar på. 80 prosent av dei er ikkje kvinner og born, men snarare unge og einslege menn. Til neste år kan det koma heile 120.000 av dei, det er styresmaktene sine eigne prognosar....
Lire la suite"Bussjåfør Arve Kvernhaug (55) frå Valdres, årdalsjenta Margaret Molland Sanden (19), og hjelpepleiaren Brahim Khoya (53) som var busett i Sverige, vart på brutalt vis frårøva livet av ein 31 år gamal mann frå Sør-Sudan, som oppheldt seg på asylmottaket i Årdal. Han hadde fått avslag på søknaden sin om opphald, og skulle etter planen ha vore sendt ut av landet dagen etter den grufulle hendinga." http://www.sognavis.no/ardal/stille-markering/s/5-48-45375
2 år sidan mordet på Margaret: "Når eg tek trikken eller bussen, er håpet om at ho kjem ruslande på gata framleis der, sjølv om eg innst inne veit at eg aldri kjem til å sjå ho igjen." http://www.aftenposten.no/…/Livet-utan-Margaret-8227935.html




















